fredag 6. februar 2009

Arnljot Eggen til minne

Forfattaren Arnljot Eggen sovna inn onsdag i denne veka, 85 år gamal. Eg trefte Arnljot Eggen fyrste gongen på ein sommerleir på Håøya i Oslofjorden, kan hende ein gong på slutten av 1970-talet. Ein sakleg, klår og venleg mann å vera saman med. Mykje av det han skreiv har eg diverre ikkje lese, men hans «Dagsetlar», som stod på trykk mellom anna i avisa Klassekampen, hugsar eg med stor glede. Serleg eit av orda hans, «Diltar du blindt etter dei mektige, får du ros for godt gangsyn», har gjeve meg mykje glede og trøst. Godt (politisk) gangsyn, har ikkje vore det som ofte har vore knytt til meg — med rette eller urette. Diktet med ein teikning av andletet til Eggen,  forstørra eg, ramma det inn og hang det opp på mange av mine arbeidsplassar.
Eggen etterlet seg mykje godt som vi kan og bør lesa sjølv om han ikkje lenger er blant oss.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.