
Brit Bildøen skriv om DDR og korleis livet var der og spør korleis dei
kunne leve der. Ho skriv mellom anna på grunnlag av nokre timar i Aust-Berlin i
1983, der ho «måtte veksle ein ganske stor sum pengar for eit dagsbesøk». Eg
var òg i Berlin sumaren 1983. Den store summen pengar som ein måtte veksla inn
i 25 DDR-mark var 25 vest-tyske mark. Tilsvarande rundt 255 kr i dag målt etter
konsumprisindeksen. Er det ein stor sum pengar?
Gatene i «Berlin — Hauptstadt der DDR», som DDR likte å kalle bydelen
vi i vest kalte Aust-Berlin, var korkje folketomme eller fargelause frå Alexanderplatz
til Brandenburger Tor i 1983, berre ikkje så mykje reklame som i vest.
Bildøen tek opp interessante sider om livet i DDR i sin fredagsartikkel
frå dei kjeldane ho nyttar. Ho kunne tenkt på kvifor Stephan Heym, den
tidlegare USA-agenten, jøden og sosialisten, heller ville bu i DDR enn i vest? Ein stat
som nekta han å gi ut bøkene sine der? Og kvifor ville Bertolt Brecht bu i ein
sånn stat? Og dei var ikkje åleine med slike val. Interessant er
og beretninga til Per E. Fosser i boka «DDR – landet som bare ble borte».
DDR var tufta på sovjetiske bajonettar, og utan dei og med den Sovjet-kontrollerte
aust-europeiske marknaden borte, kunne ikkje DDR overleve. I DDR budde det 17 millionar menneske. Det var omfattende overvaking og undertrykking, men det var dog ikkje like mange STASI-agentar som innbyggjarar? DDR var eit land utan demokratiske rettar og utan rettstryggleik, men i kor stor mon kjente mange at dei levde i eit vilkårslaust terrorregime? Folk som levde i DDR kjenner
seg kan hende heller ikkje att i den hoverande sigersikre omtalen av livet i
DDR, og haldninga dei nye landsmenna i vest møtte dei med. Så er det òg lett å gløyma: I
vår «verd» med «fargerik» reklame og eit hektisk liv, er det ikkje lett å
forstå korleis nokre kan tenkja annleis om eit slikt liv. Innbyggjarar i eit krigsherja land
etter to verdskriger set pris på økonomisk tryggleik, ein heim og eit roleg
liv. Til slike behov ikkje lenger var nok. Til slutt gjorde mange nok innbyggjarar
motstand. Og stormaktene meinte det var på tide å la den andre verdskrigen
ende.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.