fredag 24. august 2018

Snevert om ytringsfridom


Dag og Tid 17.-23.08.18
I Dag og Tid for uka 17.-23. august har professor Jan Inge Sørbø et forsøk på forsvar av ytringsfrihet som ikke treffer særlig godt. Han skriver seg inn sammen med medienes klagesang over de håpløse «sosiale mediene» og «kommentarfeltene». Jeg skreiv dette motinnlegget som redaktøren har sagt kommer på trykk i dagens nummer, nr 34:

Professor Jan Inge Sørbø er i nr 33 oppteken av ytringsfridom. Han meiner den er truga av totalitære ideologiar og av «høgrepopulisme» og «hat». Saman med kritikken av innvandringa og politisk islam hevder han at det «godt kan føra til at ytringsrommet blir snevra inn». Det er ikkje ein truverdig påstand, då tilhengjarane av innvandring og for framstøytar av ekstreme muslimske skikkar har trygg og god tilgang til og representasjon i alle dei dominerande media. I tillegg til at dei har eigne statsorgan som stør dei. Sørbø ser trugsmål mot ytringsfridomen i Polen og Ungarn, men nemner ikkje norske og vestlege mediar i deira politiske kampanjar for Nato, EU, globalisering, mot Russland og Putin og for vestlege krigar. I USA organiserer media seg i sameinte aksjonar for meiningsmonopolet sitt.  

Sørbø er oppteken av dei små fiskane, òg omtalte som «troll» og «hatarane». Ikkje av dei som alt har makt over media til å stogga meiningsmotstandarane si ytring. På fleire og fleire universitet i USA krev mange studentar og nokre faglærarar einsretting av politiske meiningar mellom tilsette. Dei kallar ideologien sin «Ingen talarstol» (No platforming) — i ytringsfridomens namn. Det er òg sett fram slike krav på norske universitet. Antirasistisk Senter krev stansa ytringane til meiningsmotstandarar ikkje berre under Arendalsveka.

Dag og Tid sin eigen nett avlidne skribent, Walid al-Kubaisi, tok i 2016 initiativ til eit opprop for ytringsfridom. Sørbø bør lesa det. Det var eit motopprop mot dei som ville kriminalisera religionskritikk og som i praksis sette likskap mellom kritikk av islam og «hatretorikk». Kravet om kriminalisering var ein lekk i eit krav frå SN sitt råd for menneskerettar, der fleire totalitære regimer er med. Regjeringa Stoltenberg fylgde i 2008/2009 opp med eit framlegg til lov som i praksis ville kriminalisera kritikk av islam, men godt var det at Stortinget sa nei til ein slik lov. 

7. august i år initierte Facebook-direktør Mark Zuckerberg eit møte om korleis han saman med Google, Apple, Spotify og You Tube skulle sletta kontoane til dei som dei meiner står for mellom anna «konspirasjonsteoriar» og «kommunistisk propaganda». Tidvis er norske Facebook-kontoar som stør Syria mot Noregs og andre vestlege makter sin krig mot landet, stogga. Det er all grunn til å tru at det berre er eit spørsmål om tid før «uønskte» politiske diskusjonsgrupper på Facebook vert fjerna permanent. Ikkje berre på Facebook, men på heile internettet irekna bloggar. Skjer det, har hovudstraumsmedia teke att meiningskontrollen sin. 

Kvifor ser ein som skriv som professor vekk frå dei mektige sine åtak på det politiske verktyet ytringsfridom?




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.