Dette innlegget står på trykk i Dag og Tid nr 26 for 27. juni 2014:

Såkalla
«venstreorienterte» personar og parti høyrer med til dei velutdanna og høgtlønna
personane i Noreg, ofte offentleg løna. Korleis argumenterer dei overfor
veljarane til Framstegspartiet? Mest seg imellom, og med hån og forakt. Dei
legg ikkje fram tal for kor mange som kan få komme inn i «det norske
spleiselaget», til kva pris og kvifor det skal gjelda eigne regler for dei. Mange
parti i Europa blir av «dei ansvarlege» utpeika som både «populistiske» og
«høgreradikale», men er meir som Hardis peikar på at Dansk Folkeparti er: «eit
djupt sosialdemokratisk parti med eit nasjonalt utgangspunkt». Rett nok er
Framstegspartiet eit klårt høgreparti, men med ei atypisk innvandringspolitikk
til eit høgreparti å vera, og det som dreg svært mange arbeidsfolk til seg.
Langt meir enn dei to lilleputtpartia SV og Rødt til saman. Men SV/Raudt saman
med framståande synsarar gjer eit val, prioriterer å syna godheit ved gje eit
klårt inntrykk av at alle Europas og verdas fattige kan koma til Noreg, og at til
dømes bruk av nikab er noko av det viktigaste å forsvara. Resultatet av dette
valet vert eit større Framstegsparti — og meir økonomisk høgrepolitikk. Hardis
seier at det i Danmark «er mest slutt på all moralismen …om dårleg menneskesyn
…». Det kan ein diverre ikkje seia er stoda i Noreg. Problemet med «den barmhjertige
samaritan» i det norske «godhetsregimet», innarbeida i lang tid, er mykje verre
å vinna over. For vissa om sin eigen overlegne moral er som ein rus å nyta.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.