I Dag og
Tid nr 11 skriv Martin Nag at Rudolf Nilsen vart «fødd i
Tromsøgata 6 på Vålerenga». Noko må vera feil her. For Tromsøgata ligg
ikkje på Vålerenga, men på Rodeløkka. Vart Rudolf Nilsen fødd i Tromsøgata, vart
han ikkje fødd på Vålerenga. Det er ikkje registrert noko i Byarkivet om den
første adressa til Rudolf Nilsen. Men i noko som heiter «Ministerialbok for fødte 1899 – 1915» står det under levende fødte i
1901 i nr. 62:
"født 28/2, døpt 5/5, fullt navn Rudolf William,
foreldre; Jernbanearb. Karl Oskar Nilsen og Hstr. Karoline f. Andersen, bopel
Orknøgaden 6, 4.et.» Dette høver
og med den boka som Martin Nag utga saman med Jon Michelet i 1974 på Forlaget
Oktober AS: «Rulle forteller. Rudolf Nilsens prosa i utvalg». Bak i denne boka
står det ein biografi over Rudolf Nilsen, og om 1901 står det: «Rudolf William
Nilsen blir født den 28. februar i Orkenøgata 6 på Vålerenga. …1902: …flytter
til Ingeborggata 9 på Vålerenga.…»
Kva som er
rett om Nilsens fødestad, er ikkje eg den rette til å seia noko sikkert om. Men
opplysningane frå Martin Nag og Jon Michelet i 1974 er i samsvar med det dei
fleste legg til grunn, og ikkje det Martin Nag skreiv i nr 11 av Dag og Tid
2014.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.