tirsdag 19. mars 2019

Leiar i Dag og Tid: Skuffande om folkerøystingar


Leiaren i Dag og Tid, nr 11,
15.03.19
Dag og Tid er ei særs god vekeavis, ofte med andre vinklingar enn hovudstraumsmedia. Med gode leiarartiklar. Men ikkje den siste om folkerøystinga om brexit. 

Problemet med det representative demokratiet, det at vi vel nokre representantar til å styra for oss i ein periode på mange år, er at det vert utvikla eit eige sjikt av desse representantane som styrer som dei vil. I vala er få spørsmål oppe av dei som skal avgjerast i kommande årelange periode. Jo fleire folkerøystingar, jo fleire innbyggjarar får oftare makt over styringa og utviklinga av samfunnet. Altså meir demokrati, meir folkestyre. 

Svein Gjerdåker, redaktøren som skriv leiarane, skriv i siste utgåve: «Diverre må ein seia at valkampen vart eit solid argument mot folkerøystingar i slike kompliserte spørsmål…» Men kva er det som er så komplisert i eit demokrati at ein ikkje kan lata folket avgjera det? Er det då eit demokrati? Om ein kan seia at bilmekanikarar og fjøsarbeidarar som ikkje har doktorgrad i handelspolitikk ikkje skjønar seg på tollunionar, kva veit vi om politikarane som held seg i ein boble med professorar, doktorandar, lobbyorganisasjonar og pressefolk — er dei eigentleg noko meir rasjonelle? Og som ikkje ein gong har nytta nokon kjeledress. Vi krev ingen eksamen for å kunna ta del i val trass i at nokon heilt klårt kan meir enn andre i mange politiske saker. 

Frå Yngvar Ustvedts bok «Overflod og opprør»,
Det skjedde i Norge, 1961-72.  Gyldendal. 
Gjerdåker held fram i same setninga med: «…særleg sidan ein ikkje hadde eit konkret avtale-utkast å ta stilling til». 
Kvifor må ein ha eit avtaleutkast? Det kunne blitt brexit då òg, og same kritikken frå EU-tilhengjarane. 
Kvifor er ikkje ei subjektiv meining om kva ein vil, like bra? Noreg har hatt to folkerøystingar om medlemskapen i EU. Alle visste ikkje alt. Skulle berre dei som har den økonomiska makta og elles hadde dei politiske kommandopostane avgjera? Sjølvsagt meiner dei det. Men det er ein tanke som sterkt bryt med demokratiske idear. Minst to av tre stortingsrepresentantar er for fullt norsk medlemskap i EU, men folkemeininga er heilt motsett. Kven er det mest demokratisk å la styra? 

Gjerdåker har sjølvsagt rett i at det er eit kaos om brexit. Det må openbert skuldast at det ikkje er fleirtal i parlamentet for utmeldinga, dei er berre svakt bundne av det resultatet av folkerøystinga dei er imot. Førebels har ikkje politikarane vore så udemokratiske som dei norske at dei har ignorert folkerøystinga. Men makta ivrar for ny røysting, i von om at fleirtalet då snur. Trygg på det kan dei ikkje vera. Tapar dei att, vert nederlaget endå større for dei. 

Folkerøystinga om britisk EU-medlemskap var ein demokratisk siger. Resultatet for alle oss som er imot EU sin strenge einsretta marknadsøkonomi, er ein politisk siger som stør dei splittande faktorane i EU og peiker framover mot ei naudsynt oppløysing av det strengt marknadsstyrte og overnasjonale EU. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.