onsdag 15. februar 2017

Walid al-Kubaisi: «Fattige arabarar fryktar ikkje Trump», men det gjør de arabiske lederne


I siste nummer av Dag og Tid, har Walid al-Kubaisi skrivi en lengre artikkel om Trumps politikk og hvordan den kan bli mottatt i Midtøsten. Jeg har i et tidligere blogginnlegg sitert slutten av hans artikkel, om likheten mellom Norges og EUs innreiseregler og tidligere amerikanske presidenters forhold til innreise i USA. Her gjengir jeg al-Kubaisis første del av artikkelen, den om hvem i Midtøsten som vil like og ikke like det som Trump hevder vil være hans handlinger. 

«Verda er urolig. Trump styrer henne, men ho må med leva med denne presidenten. … Men det var veljarane som bar han til makttrona. Veljarane trur at han vil betre verda, og at det skal få attende USAs stordom som har vore dalande dei siste åra.»

Trump «…har levt med vakre kvinner og reist mellom hovudstader med privatflyet sitt på jakt etter meir rikdom og nye vakre kvinner.
     For meg som opphaveleg kjem frå den arabiske verda, kjennest det som om eg kjenner denne Trump. Han minner meg om arabiske leiarar, om oljesjeiker, om dei to sønene til Gaddafi og Saddam og om prinsane i golflanda og Saudi-Arabia. Alle desse leiarane lever eit liv som liknar på livet til Trump.»

«Trump uroar. Men det er ikkje dei arabiske fattige, ikkje soldatane som er i krig, ikkje dei undertrykte og marginaliserte arabarane som er redde for den nye presidenten. Det er dei rike som er redde, fordi Trump krev at dei må betala for at USA skal verna dei. Trump veit at det arabiske folket hatar dei arabiske leiarane. Utan amerikansk vern ville desse leiarane ha vorte drepne av sitt eige folk. Men med vern frå USA sit dei framleis med makta.»
«Om Trump vil forfølga dei korrupte, styrtrike arabiske leiarane som lever i luksus, vil mange arabarar ynskje initiativet velkomne. Leiarane har undertrykt folket, og dei er årsaka til kaoset og det miserable livet mange lever, anten dei bur i Midtausten eller lever som flyktningar i diaspora.» (Mi utheving).

«Presidenten i USA er ikkje særleg glad i arabarane, heller ikkje muslimane. Men kva amerikansk president har likt arabarane? Mange av dei har gått til åtak på den arabiske verda og teke del i den forferdelege situasjonen vi opplever i dag. Det ruinerte Midtausten kan ikkje verta verre med Trumps metode.

Trump vil ikkje starta ein ny krig, for krigen har gått føre seg i den arabiske verda sidan George H. W. Bush regjerte, og kan henda før. George W. Bush, Bill Clinton og Barack Obama har ikkje vore fredelege når det gjeld Midtausten. Dei har bomba Midtausten og sendt soldatar dit. Kvar og ein av desse presidentane har medverka til katastrofen i dagens Midtausten. »

Det er al-Kubaisi som kjenner arabiske land og politikk, ikke jeg. Så hans vurderinger teller tungt, ikke mine. Jeg håper al-Kubaisi har rett når han skriver «Utan amerikansk vern ville desse leiarane ha vorte drepne av sitt eige folk. Men med vern frå USA sit dei framleis med makta.» Likevel tror jeg ikke før jeg ser det at Trump vil trekke vernet av disse lederne. Det beste vil sjølsagt være om arabernes frigjøring ble deres eget verk. Men finnes det en slik sjølstendig ikke utenlands styrt opprørskraft? 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.